Terningkast sju: Fosse i full fyr

Kvifor sluttar terningen på seks auge? Er det mogleg å få ein sjuar å hjelpe seg med?

Publisert: Skrevet av: Vidar Kvalshaug, BOK365

Jon Fosse:
Det andre namnet. Septologien I-II

Skjønnlitteratur
Samlaget
514 sider

 

Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane …

Det andre namnet opnar med det som Bruce Springsteen første gong han høyrde Dylans Like a rolling stone på radioen, skildra som eit SNERR.

Det andre namnet, Septologien av Jon Fosse

Jon Fosses prosa har så mykje musikk i seg at det kan gje meining å telle takter (prøv å gjere det på bindeordet «og», som han nyttar gjennom hele boka for å hoppe i tid. Dette er to romanar i ei bok på 514 siders utan punktum, men med andre verkemiddel som ein blir fort van til. Til dømes repetisjonane, som like gjerne kan kallast refreng. Eller at Faren og Mora og Naustet og Båten har stor bokstav, som i Gud. Det heilage ved ein familie, ein oppvekst, markørane som gjer deg til den du er og som du vender tilbake til. Men berre vent, kjære lesar av denne meldinga og av Det andre namnet, berre vent! (Meir om det seinare))

Den perfekte opninga

Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane …

Bindeordet «og» har ei kraft i i seg, som når ein person tar ein pause og trekk pusten for å fortelje noko avgjerande. Om du vil, kan du legge trykket på forskjellig ord i den første setninga og sjå korleis ho endrar mening.

Det er ei perfekt opning på hans til no mest ambisiøse verk. Begge bøkene i dette bandet opnar helt likt, men som lesar veit du meir og legg noko anna i starten på del to når du kjem til side 349, og eg trur også dei fem neste bøkene gjer det.  Kvifor dette biletet er så viktig for målaren, forteljaren vår, og kven dei to strekane er, kan du få ei kjensle av allereie i dette første bandet i serien der sju bøker blir tre utgjevingar.

Og-opninga har eit ekko i 1. Mosebok: «Og Gud fullendte på den syvende dag det verk som han hadde gjort, og han hvilte på den syvende dag fra all den gjerning som han hadde gjort.»

Det kan vere ein brukbar analogi til dette verket, som er dei to første bøkene i septologien (sju).

Fosses kamp

Jon Fosse ser seg tilbake på verka sine i desse romanane, på karakterar vi kjenner namna på frå før, på skapande liv som likar hans eige, ting som har vore vanskelegare å feste ved han før, som ikkje har vore naudsynt før han sjølv no opnar for det. Septologien verkar å vere Fosses kamp mot verda som var hans. Mot sin barnetru-Gud (han blei katolikk) og mot alkoholismen (han tørka opp), ei reise frå kjellaren og mot nye tider og nye menneske som gjer det verd å halde ut ei stund til.

Ein som ikkje har lese Jon Fosse sin kvernande prosa før, kan vel seie at her skjer det jaggu ikkje mykje, men jo, det gjer det på så mange plan. Vi treff igjen gamle vener og romanfigurar som Asle, Ales, Alida og stadar som Dylgja og Bjørgvin og alt er annsleis enn det var i ti til femten år gamle bøker.

Det er Asle

Meistergrepet i denne boka heiter Asle. Målaren, hovudpersonen, avslører seg. Han er  Asle, og det kan jo vere at ein må lese Det er Ales (2004) og Trilogien (2007-2014) om igjen no. I den romanen forsvann Asle på sjøen, men grensa mellom liv og død har aldri vore særleg tydeleg hos Fosse. I morgon og kveld (2000) er alt dette opppheva ein gong for alle. Fosse tillet seg alt og lesaren er med på det. Alle drapa i Trilogien, som er ei bibelsk historie om Asle og Alida, er så tildekte at ein skal lesa svært nøye og med den største mistanke for å få med seg alle.

Kunstmålaren, som fører penselen i dette romanmåleriet, ser Asle som ung og forelska med lang frakk, lagt tynt hår og med ei brun skulderveske. Han ser Asle som tung alkoholikar og finn han halvt nedsnødd i eit smau i Bjørgvin, får han til sjukehus, tar vare på hunden til Asle og det tumlast heilt om i livet hans. Asle er den som har måla andre sine liv, og på fleire stadar i dette verket skriv Jon Fosse sin poetikk. Eg er svak for avsnittet der den unge målaren ser tilbake på sin start:

«… ja det var eigentleg lyset eg måla, ikkje husa, dei var vakre nok i seg sjølve, oftast, ikkje det, men å måla dei vart for keisamt i seg sjølv så difor vart det til at eg freista å måla lyset, men i skarpt skin frå sol vert det då der skuggane legg seg at lyset liksom synest best, ja di mørkare det er, di meir lys er det, aller helst ville eg ha måla i haustleg lys, men folk ville alltid sjå huset sitt måla i glans frå sol, og eg ville då selja bileta mine, sjølvsagt ville eg det, ja det var jo difor eg måla dei, så difor måtte eg måla dei slik folk ville ha dei, men det eg eigentleg måla det såg dei ikkje, det såg ingen, berre eg, og så kanskje nokon få andre, for det eg måla var skuggane, mørkret i alt lyset, det eigentlege lyset, det usynlege lyset, men såg nokon det? merka dei det?…»

Gripande slutt

Slutten, med Asle som gut, er så gripande at eg aldri har vore nærmare tårane i noko eg har lese av Jon Fosse. Og han er ikkje ein forfattar som enkelt kallar på slike brå kjensler, han målar biletet sakte utan sjokkeffektar, men lesaren får vere med på lag på lag i både bileta, romanen og menneska.

Mot slutten av denne utgjevinga gir han eit tydeleg varsel om kva som skal kome: Målaren og naboen hans står i kjøkenet i Dylgja, fyrer i omnen i kaldt hus og kjenner plutseleg svolt. Matvarene har stått på benken eit døgn, sidan målaren i all hast måtte køyre tilbake til Bjørgvin, det var noko som hasta. Ovnen glefsar, den gamle jarnpanna fresar på komfyren (den andre steikepanna, den nye, den som tilhøyrde Ales, har han sett lengst inn i underskåpet for å sleppe å sjå ho) og karane skal lage seg eit herremåltid av egg, flesk og, ja, lauk. Målaren skrellar lauken laug på lag og naboen seier at det er lauken som gir den gode smaken i alt lauk blir brukt til.

Jon Fosse har opna ballet for ein lesefest av ei store dei to neste åra. Ein treng vel knapt nemne at han allereie før dette har nok verk innanfor frakken til å vere nobelprisfavoritt også i haust når det skal delast ut to prisar?

Fotnote:

Det har ingenting med dette verket å gjere direkte, men musikk har alt med Fosse å gjere: Klokkespelet i Bob Dylans Queen Jane Approximately er det same som på Velvet Undergrounds Sunday Morning. Og dei låtene kan du godt høyre når han messar og ber dei katolske bønene i teksten når det brenn i han, for det gjer det. Dette verket er ein eld.