Hopp til hovedinnholdet

Eit halvt liv - ein biografi om Per Sivle

  • Innbundet

  • 2007

  • Norsk, Nynorsk

Ei gripande historie om den burleske og folkelege humoristen, den medrivande forteljaren, lyrikaren og pressemannen Per Sivle (1857-1904) - frå den gongen mora freista å ta sitt eige liv med vesle Per i magen, og fram til han sjølv valde å avslutte det heile med revolver på Kristiania Bad. Denne fyrste fullstendige biografien om det fascinerande og tragiske livet til ein av dei mest folkekjære diktarane våre gir samstundes innsyn i den mest særmerkte perioden i nyare norsk historie. Biografen Alfred Fidjestøl, som er filosof og journalist, får også fram historia om den uslitelege kjærleiken frå kona Wenche, og om venene som iherdig prøvde å hjelpe og reise han opp att. Det er historia om avisredaktøren som skreiv "Berre ein hund", "vossastubbar", arbeidarromanen Streik, uslitelege songar og dikt som "Den fyrste song", "Tord Foleson", "Svolder" og "Heis os et rødt, et flammende flag". Det er historia om motgang og trass, galgenhumor, håp og svik.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed