Hopp til hovedinnholdet

Drikkeviser frå Paris - dikt

  • Pocket

  • 2016

  • Norsk, Nynorsk

"grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet vi gøymer oss i syrinbuskar, søppelposar vi er erteris og går i eitt med buskaset vi stel klisne pastisflasker frå under benkane ingen ser oss pile forbi der nede langs bakken" I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet. Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst. Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris. "Drikkeviser frå Paris" er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.
Klikk&Hent På lager i 36 butikker
Nettlager Sendes normalt innen 1-2 virkedager.
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed