Hopp til hovedinnholdet

Elle melle - leseboka 4

  • Innbundet

  • 2012

  • Norsk, Nynorsk

Elle Melle 1-4 Elle Melle er eit norskverk for 1-4 trinn. Læreverket kjenneteiknast ved flotte illustrasjonar, grundig gjennomgong av lydane i alfabetet, nivådelte tekstar, og ikkje minst innhaldsrike og gode lærarrettleiingar. Verket følgjer eit gjennomført pedagogisk system som baserar seg på Anne-Lise Gjerdrums lange erfaring som lærebokforfattar. Anne Lise Aasgaard Solli er medforfattar fra og med 3. trinn.
Elle Melle Leseboka 4 Elle Melle Leseboka 4 inneheld songar og differensierte lesetekstar. Tekstane i kvart kapittel følgjer ein progresjon der vi startar lett og avsluttar med lengre og meir utfordrande tekstar. Bøkene er delt inn i ti kapitlar med kvart sitt tema. Gjennom mykje og meiningsfull dialog veks elevanes vokabular. Det fremjer leseforståelse. Difor startar kvar lesetekst med å gjennomgå enkeltord. Har elevane det rette begrepet for ordets betydning, vil dette saman med illustrasjonane gi ein førforståing av kva teksten kjem til å handle om, og vil kunne forenkle leseprosessen. Kvart kapittel inneheld ulike type tekstar. Det er lagt vekt på god sjangerbreidde og presentasjon av både nyare og eldre tekstar.
Elle Melle for 4. trinn omfattar: - Leseboka 4 - Les og forstå 4 - Språkboka 4 - CD 4 - Lærarrettleiing inkludert kopioriginalar - Nettstad Fagbokforlaget har også utvikla skriftformingshefte i lykkje- og stavskrift og nettstaden Lesedilla. Her finn du eit stort utval av differensierte lesebøker med lyd, bilete og animasjon.

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed