Hopp til hovedinnholdet

Meininga med livet - eller, Yes, sir, I can boogie

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie er Are Kalvøs ærlege forsøk på å forstå vår tid: Kven vi er, kva som styrer liva våre, kva som er vitsen med heile greia. Ja, sjølve meininga med livet. Og kvar leitar ein for å finne meininga med livet? I popmusikken, sjølvsagt.

Kalvø er overtydd om at alle som har leita etter meininga med livet, har leita på feil plass. Kalvø trur meininga er å finne i dei skikkelig populære songane som omgir oss heile tida og følgjer oss gjennom livet: songane som har toppa Norges offisielle hitliste VG-lista. Ein nummer ein-låt på VG-lista er nemlig ikkje berre ein nummer ein-låt på VG-lista, men også eit utømmelig reservoar av mangslungne teikn som til saman gir ny innsikt om oss sjølve, kven vi er, kven vi var, kva vi drøymde om å bli, og korleis det gjekk. Undervegs gjer Are Kalvø ei rekke avstikkarar til si eiga historie for riktig å meisle inn eit poeng eller to. Skru opp musikken, ta på danseskoa, bli kjent med di indre Britney Spears og bli med inn til Kalvøs historier frå 70-talet, 80-talet, 90-talet, 00-talet og 10-talet.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed