Hopp til hovedinnholdet

Skrifter i samling. Bd. 11 - artiklar og essay 2, 1891-1923

  • Innbundet

  • 2001

  • Norsk, Nynorsk

Dette bandet inneheld eit utval av dei artiklane Garborg skreiv frå 1891 til og med 1923. Dei er ordna kronologisk og viser oss tydeleg den utviklinga forfattaren gjekk gjennom. Møtet med skriftene til m.a. Nietzsche gav han nye impulsar. I 1894 var Garborg med på å starte bladet DEN 17. MAI, som kom til å spele ei stor rolle i den nasjonale striden fram mot 1905, og mange artiklane hadde med målstriden å gjere. Garborg var òg opptatt av jordbrukspolitikk og teologikritikk. Og fredsspørsmålet var aktuelt under den første verdskrigen. ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klart å leve av å skrive. Han høyrde til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 2-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed