Hopp til hovedinnholdet

Sund på Søre Sotra - Band 1, Gards- og slektssoge gnr. 1-gnr. 12

  • Innbundet

  • 2012

  • Norsk, Nynorsk

«Sund på søre Sotra», ja, slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå songen til Johannes Kleppevik, sjå baksida. Sund var tidlegare eit øy- og kystsamfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gardsbruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og service- og kulturtilbod. Overgangen frå det gamle ske- og jordbrukssamfunnet har gått stegvis. Denne boka er ei gards- og slektssoge, og vil på sin måte gje glimt av denne forvandlingsprosessen. Band 1 inneheld om lag 800 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, gurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Tyssøyna, Bjelkarøyna, Bukken, Lerøyna, Sund prestegard, Nygård, Limavågen, Børnesvågen, Nedre Børnes, Øvre Børnes, Førde og Høyland. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdelen av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå midten av 1600-talet er det mogleg å nna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går tilbake til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2012.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 2-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed