Hopp til hovedinnholdet

Sund på Søre Sotra - Band 4, Gards- og slektssoge gnr. 32-gnr. 40

  • Innbundet

  • 2015

  • Norsk, Nynorsk

Sund på søre Sotra, ja, slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå songen til Johannes Kleppevik sjå baksida. Sund var tidlegare eit øy- og kystsamfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gardsbruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og service- og kulturtilbod. Overgangen frå det gamle fiske- og jordbrukssamfunnet har gått stegvis. Denne boka er ei gards- og slektssoge, og vil på sin måte gje glimt av denne forvandlingsprosessen.
Band 4 inneheld om lag 1450 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Glesnesholmen, Glesnes, Øvre Golta, Nedre Golta, Selstøa med Asphaugen, Øvretveita, Midttveita, Telle og Nipa. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdelen av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå midten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går tilbake til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2015.

4.0

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed