Hopp til hovedinnholdet

Første losebok - naturanto

  • Pocket

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

Ascendere Promoveo er utnemnd til Grøntidslos. Han skal leia menneskja ut av dei store katastrofane og inn i tida då me lærer oss å leva i tett samspel med den produktive naturen. Men korleis ser eigentleg det naturnære menneskesamfunnet ut? Dette er det overordna temaet for Losebøkene. Til å hjelpa seg med det enorme oppdraget, hentar Ascendere inn nokre av dei fremste tenkjarar i verdshistoria. Dei kjem frå i dag, i går og i førgårs. Saman slår dei seg ned blant småbrukarar og fiskarbønder i eit lite, vestnorsk øysamfunn. Med boblande natur og folkeliv i Øyriket som bakteppe, søkjer Grøntidslosen og hans særs brokete gjeng av medarbeidarar svar på kvifor Katastrofetida kom, og på korleis langvarig fred og samarbeid med Mor Natur kan sikrast for framtida. Ingen etablerte «sanningar» om mennesket sitt tilvære på jorda er trygge for denne lystige og kreative gjengen. Og ingen utfordringar er for store. Eit ekte grønt skifte kjem ikkje ved å byggja ned natur for å redda klimaet. Det kjem først når Homo sapiens innser at han ikkje har større rettar til verken areal eller naturen sine overskott enn det andre artar har. Gjennom Losebøkene blir vårt erobrande og haustande forhold til liv og landskap snudd på hovudet, og eit nytt vesen trer fram: Homo satorem. Det såande mennesket. I Første Losebok lærer du Naturanto; kunsten å kommunisera med andre artar. Du lagar også vegkart til framtida, forelskar deg i høymol, og får endeleg vita svaret på kvifor det potensielt mest byggjande og skapande av alle vesen blei det motsette, det mest øydeleggjande. Som om ikkje dette var nok, møter du den unike Komledarreskviken på Skvalpisku, lærer om musikk- og festpotensialet i daud fisk, og blir invitert til middag på vertshuset Tåskahåve. Losebøkene høver ikkje innanfor nokon etablert sjanger. Her møtest fantasien, prosessfilosofien, idéhistoria, mold- og naturinnsikta, humoren og alvoret, mystikken, antropologien og, ikkje minst, nyskapin

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed