Jordbokadet fantastiske universet under føtene våre

Del 1 av serien

Kort om boken

"Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite." Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønnin…

Oppdag mer

Velg tagger...
Spar {0}
Spar {0} som ARK-VENN
{0} til nettpris
med Klikk&Hent
Format/språk
   Klikk og hent - få varen innen 2 timer*
   Alltid bytterett - Norges beste. Bytt uten kvittering.
* Gjelder varer på lager i butikk

    Om Jordboka

    "Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite." Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning i Jordboka. Under føtene våre finst det eit univers så enormt, rikt og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten. Jordboka er historier om menneske og mold. Om vart samspel og om brutal øydelegging. Først og fremst er dette likevel ei bok om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av matjord, fallande produktivitet i matproduksjonen, klimaendringar. Ny kunnskap viser korleis menneske og livet i molda kan spela saman. Med både berekraft og veldig grøde som resultat. Visste du at verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar? Dei har i staden rekruttert den mest intelligente hjelp og teknologi som er å få tak i, universet i molda. Denne hjelpa er gratis og fritt tilgjengeleg for alle. I boka møter du desse bøndene og elles ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid. Ein verkeleg grøn revolusjon er i emning. Jordboka fortel korleis DU kan ta del. Dei populærvitskaplege essaya i Jordboka er skrivne for eit breitt publikum. Dei inviterer til djup refleksjon over kva vår menneskelege oppgåve kan vera i det store økologiske spelet me kallar natur.


    Redaktør Bothild Å. Nordsletten i Bondevennen 20.10.17: «Den som les Jordboka blir aldri meir likesæl til molda ... Jordboka opnar eit kosmos under føtene våre, der storleikane er vanskelege å fatta . Boka er lettlest, full av historier, tankevekkjande og engasjerande refleksjonar og bilete. Les ein Jordboka, og det bør iallfall alle som arbeider med mold, får ein ny hug til å så, dyrka og kompostera . [B]oka argumenterer overtydande om at tida for endring er inne.»

    Kundevurderinger

    Totalvurdering: 

    Gi din vurdering: 
    Totalvurdering: 

    Detaljer

    Format
    Pocket
    Utgivelsesår
    2017
    Forlag
    Forlaget Nyskaping
    Språk
    Nynorsk
    ISBN
    9788269084603
    Sider
    222
    Height
    239
    Width
    172
    Weight
    623
    Serie
    Nummer
    1

    Anbefalt