Hopp til hovedinnholdet

Riket

  • Innbundet

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

Korint, antikkens Hellas, for to tusen år sidan. Ein omreisande predikant, fattig og plaga av sjukdom, fortel historia om ein profet som vart korsfesta i Judea og som kom tilbake frå dei daude, ein tilbakekomst som varslar ein revolusjon. Som eit virus spreier forteljinga seg gjennom byen, landet, og til slutt over heile verda.

Emmanuel Carrères oppsiktsvekkande historiske epos fortel om kristendommen sitt mystiske opphav, og med Paulus og Lukas som følgjesveinar vekker han til live ei fjern fortid av merkelege sekter, apokalyptiske idear og politisk uro. Carrère, som sjølv på eit tidspunkt var ein glødande kristen, nyttar denne forteljinga til å stille spørsmål ved si eiga tru, om kvifor man i det heile kan finne på å tru på Jesu oppstode, og kva dette seier om mennesket.

Riket er ein internasjonal bestselgar frå ein av Frankrikes mest feira forfattarar - eit djupt originalt fortalt epos om den tidlege kristendommen, og samtidig historia om éin manns religiøse krise.

Emmanuel Carrère (f. 1957) er ein fransk forfattar, manusforfattar og filmregissør som i dag er rekna som ei av Frankrikes sterkaste litterære stemmer. I Noreg er han kjent for bøkene Klasseturen (Pax 2003) og Limonov (Oktober 2014), men også som manusforfattaren bak TV-serien Les Revenants (Gjengangerne, på norsk tv våren 2015)

Tilgjengelig i 9 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed