Hopp til hovedinnholdet

Språkhistorieskriving og språkideologi - eit utval norsk språkhistorikarar

  • Innbundet

  • 2016

  • Norsk, Nynorsk

Denne boka undersøkjer om og i kva grad ulike språkstrids.ideologiar frå 1800- og 1900-talet kjem fram i arbeida til utvalde norske språkhistorikarar. Dei rammene som norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet heldt seg innanfor, blei definerte ikkje berre av språk.vitskapen, men også av språkstriden, som kom som eit resultat av 1814-frigjeringa frå Danmark saman med nasjonalromantisk filosofi og ideologi.
Mykje av norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet var tett knytt til språkstridsideologien i samtida. Ei sentral oppgåve som språkforskarane hadde etter 1814, var å skilja ut det som skulle gjelde for norsk språk og norsk språkutvikling, særleg i motsetnad til dansk, men òg til svensk.
Boka tar for seg nokre sentrale språkhistorikarar og drøftar deira problemstillingar, teoriar og metodar for å sjå i kva monn dei var, eller ikkje var, språkstridsideologisk påverka.
Forfattarane Ernst Håkon Jahr, Gudlaug Nedrelid og Marit Aamodt Nielsen er professorar i nordisk språkvitskap ved Uni.versitetet i Agder, Kristiansand, og har forska og publisert mykje om norsk språkhistorie og andre språkvitskaplege emne.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

På nettlager (bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed