Klyngetunet

Klyngetunet

den norske landsbyen

Nettpris
437,-
Butikkpris 499,- Spar 62,-
Innbundet
LAVEST PRIS! - ingen er billigere på nyheter.
Gjelder både KLIKK&HENT og NETTBESTILLING.

KLIKK&HENT

- i din ARK-butikk!

×

Spar tid og frakt med KLIKK&HENT!

Når du bruker KLIKK&HENT, kan du hente varene dine i en av våre butikker etter en time. Du slipper å betale frakt og får varene dine med en gang til den samme lave prisen som på nett.

Slik bestiller du

Legg inn mobilnummer og trykk på OK-knappen. Fra du får bekreftelse på SMS, vil varen bli holdt av i to dager til aktuell nettpris. Du betaler i butikken når du henter varen.

Reserver i butikk. Hent når det passer innen 48 timer.

NETTBESTILLING

- få varen levert rett hjem!

På lager. Sendes normalt fra oss i løpet av 1-2 virkedager

Fri frakt på kjøp over 249,-
Skriv anmeldelse
Lagerstatus På lager. Sendes normalt fra oss i løpet av 1-2 virkedager
Format Innbundet
Utgivelsesår 2018
Forlag Skald
Språk Nynorsk
ISBN 9788279592686
Sider 444
Sted Norge
Se flere detaljer  

Om Klyngetunet

Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til «Klyngetunet» då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren «Norges låver». På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860- 1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap. I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, inneheld boka historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna. Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn.

"Ved å fortelle om et forholdsvis ukjent levesett som eksisterte siden middelalderen, nyanserer parhestene Røyrane/Apneseth også historien om den norske bonden." (Bergens tidende, terningkast 5) "Med nøkterne og gode tekstar og med storslåtte bileter og ærlege detaljar inviterer dei oss inn på det eine tunet etter det andre, kringom i kyst-, fjord- og fjellandet Norge." (Bjørn Egil Flø, Bokmagasinet) "Glem Isak Sellanrå, i Klyngetunet . den norske landsbyen løftes den norske bondekulturen frem som et sosialt fellesskapsprosjekt." (Gaute Brochmann, Morgenbladet) "Ein bibel om det norske klyngetunet." (Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen)

Kundevurderinger

ARKs anbefalinger

Det finnes ingen vurderinger av dette produktet. Skriv anmeldelse

Tips en venn