Hopp til hovedinnholdet

Lenz

  • Fleksibind

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

«Eg gidd ikkje eingong å ta livet av meg, det er så keisamt.» (Frå Georg Büchner «Lenz»). Georg Büchner skreiv forteljinga Lenzto år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar.
Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenzkjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenzer såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen.
SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Klikk&Hent På lager i 5 butikker
Nettlager Sendes normalt innen 1-2 virkedager
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed