Hopp til hovedinnholdet

Brotne band - roman

  • Innbundet

  • 2011

  • Norsk, Nynorsk

Brotne band er Vårsøg-diktaren Hans Hyldbakks ukjente roman, fullført i 1928, utgitt 83 år etter. Industrien kjem til ei landbruksbygd. Brytninga mellom gammal og ny tid blir ei indre brytning i husmannssonen Sverre er han bonde eller arbeidar? Er det muleg å elske Valborg, som er av høgare stand? Tør han leva ut diktardraumen? Romanen er både eit personleg drama og eit spennande samtidsbilde av ei uroleg tid i norsk historie, ei tid der mange band vart brotne. Samtidig utleverer forfattaren dei inste kjenslene sine til lesaren, kjensler han ikkje ville eller kunne ta opp på andre måtar. "Eg har alltid trudd at Hans Hyldbakk aldri skreiv nokon roman. Så dukkar denne boka opp, og plutseleg veit vi meir om Kleivakongen. Han kunne ha blitt ein stor romanforfattar òg," skriv Henning Sommerro i forordet. Svein Sæter har skrive eit etterord om boka, forfattaren og diktardraumen.

5.0

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed