Hopp til hovedinnholdet

Munn mot ein frosen fjord - roman

  • Pocket

  • 2003

  • Norsk, Nynorsk

Presis og poetisk debutroman. Forfatteren vart som første debutant tildelt Nynorsk litteraturpris 2002 for denne boka. I ei forteljing som synest å fylgja draumen sin logikk, fortel Inger Bråtveit med eit presist, lyrisk språk om ei jente sin fantasifulle leik for å halda røynda saman. Bestefar passar på bestemor. Bestemor syng amerikasongen og minnest berre det som hende for lenge sidan. Slik jenta pendlar mellom foreldra og besteforeldra, krinsar historia mellom ulike lag av røynd og minne. Då er det ei merkeleg verd som opnar seg. Ei verd som vert ein draum full av fjører, hundar og hoppande kaninar. "Ein dag vart døra til rommet hennar stengt. Ein dag kom ein vind og bretta lappen saman. Bestemor gjekk med ein lapp i handa der alt stod . Fuglen seier det er noko han vil fortelja. Fuglen seier han har sterke saker på hjarte og seier det er syster mi det gjeld. Fuglen seier han veit kva eg drøymer og at draumen er falsk. Eg skal tørka vekk den falske draumen din ein gong for alle og fuglen fortell at alt er feil. At draumen eg drøymer er falsk og feil og aldri vert sann." Inger Bråtveit (f. 1978) studerer teatervitskap ved Universitetet i Bergen og er frilansar i Dag og Tid. Ho vart kåra til Årets debutant 2002 av forfatterne.net.

Tilgjengelig i 5 butikker

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed