Hopp til hovedinnholdet

Båtar i Møre og Romsdal - Band 3, Geitbåten som system

  • Innbundet

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

Denne boka set geitbåten inn i ulike samanhengar. Geitbåten representerer ein måte å rekne og måle på. Vi kallar det gjerne posisjonsbyggjeri. Geitbåtbyggjaren held seg ikkje til plane projeksjonar, men til koordinatar i ein romleg abstraksjon.
Geitbåten står for eit omfattande system av storleikar. Vi har ikkje tal på kor mange. Det er glidande overgangar frå dei minste til dei største. Hovudstorleikane er trebandsfæring (to par årer), melfæring (to par årer og midtirom = mel), trerøring (tre par årer), fyring (fire par årer), femring (fem par årer), seksring (seks par årer), sjurøring (sju par årer), åttring (åtte par årer) og sambøring, som er ein stor føringsbåt.
Båtane kan vera tilpassa ulike føremål, og det kan vera meir eller mindre tydeleg kva dette er. Vanlege brukstilpassingar er desse: ærendsbåt, allsidig bruksbåt, kastarbåt (for fiske med snøre), skyssbåt, linebåt, sildegarnsbåt, torskegarnsbåt, sildenotbåt, aurenotbåt, føringsbåt, kyrkjebåt og krøtterbåt. Det har jamvel funnest ein særskild slags båt for frakting av lik.
Båtane står også i ein kulturgeografisk samanheng. Ytre vilkår, skog, hav, vêr og tradisjon spelar inn på denne. Jamvel hus og gjenstandar som høyrer saman med båtar og sjøfart, er delar av systemet båt.
Ved denne store kompleksiteten blir geitbåten ståande som ein perspektivgjevar som andre båttypar kan sjåast i lys av. Det er neppe nokon andre som er så komplette som geitbåten, men alle har i seg eitt eller fleire element av tilsvarande karakter. Såleis er boka aktuell for alle som interesserer seg for tradisjonsbåtar.
God lesnad!
Klikk&Hent Kan bestilles til 146 butikker. Leveringstid ca. 1 uke.
Nettlager Sendes normalt innen en uke
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed