Hopp til hovedinnholdet

Magnus' apostrof - roman

  • Innbundet

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Magnus. apostrof har to forteljingar, som heng saman. Den eine går føre seg på 1100-talet, på den tida då Noreg vart forma som nasjon, og krinsar omkring St. Magnus Erlendsson. I den andre er handlinga lagd til ei ikkje nærare tidfest framtid, der menneske, land og byar er utsletta i ein stor katastrofe. Begge forteljingane finn stad i det som var kjerneområda til dei norske vikingane i Skottland og på Vesterhavsøyane. Når Jon O. Lorentzen leverer eit romanmanus, er det all mogleg grunn til å retta seg opp i stolen, skjerpa sansane og skjerma hjernen for distraksjonar. Handlingsforløpet er kronologisk og greitt å følgja, men det skjer også mykje meir på alle moglege andre plan. --------------- Jon O. Lorentzen (f. 1950) er filolog, bur i Egersund og har undervist i språk i heile sitt vaksne liv. Lorentzen har mastergrad i spansk litteratur frå.University of California. Han debuterte i 2004 med.romanen.Den symmetriske tvillingen, og i 2011 gav han ut romanen.Café Gibraltar. Han har også gjeve ut ei bok med gjendiktingar av lyrikk av den kubanske diktaren.José Martí..Jon O. Lorentzen har omsett til norsk Courrier sud - norsk tittel Postflyet - av den franske forfattaren og flygaren Antoine de Saint-Exupéry. Boka kjem i 2017.

Tilgjengelig i 60 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed