Hopp til hovedinnholdet

Ein europeisk døl - eit nytt blikk på A. O. Vinjes journalistikk

  • Innbundet

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Men Vinje var meir enn ein målmann, han var også internasjonalist. I denne boka blir det internasjonale perspektivet i journalistikken hans løfta fram og analysert. Vinje sine mest aktive år som skribent, frå midten av 1800-talet, fell saman med ei uroleg tid i Europa, med Krimkrigen, dei dansk-tyske krigane i 1848 og 1864 og Italias samling. Han hadde meiningar om det meste, også utvandringa til Amerika og den storstilte industrialiseringa som gjekk føre seg i Storbritannia. Vinje sette ein ny tone i kommentar og kritikk, han var antiautoritær og ironisk, kunnskapsrik og folkeleg. Han nytta dagsaktuelle hendingar til å utvikla resonnement omkring enkeltmenneske og samfunn, stat og nasjon, og han såg også på sitt eiga heimland i eit europeisk stormaktsperspektiv. Heilt frå dei tidlege bladstykka i Andhrimmer og Drammens Tidende og til dei siste tekstane i Dølen tek Vinje opp internasjonale spørsmål. Dette internasjonale - helst europeiske - perspektivet har i liten grad vore kommentert i ettertida.
Klikk&Hent På lager i 1 butikk
Nettlager Sendes innen 2-3 virkedager
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed