Hopp til hovedinnholdet

Vinduet. Nr. 3 2018

Del av serien
  • Pocket

  • 2018

  • Norsk, Bokmål

  • Norsk, Nynorsk

Les om W.B. Yeats, Rocky, Camilla Collett, Trude Marstein - og mykje meir. 51 år etter at han sjølv debuterte som forfattar i dette tidsskriftet, er Torstein Bugge Høverstad tilbake på Vinduets sider - og det med den første større gjendiktinga av W.B. Yeats til norsk nokon gong, i følgje med eit essay om mannen og diktinga.Utgåva inneheld vidare ei drøfting av Camilla Collett og Emilie Diriks sitt til no lite omtalte tidsskrift Forloren Skildpadde, ført i pennen av Nina Schjønsby. Jan Grue skriv om Joan Didion sine politiske essay, Hanna Dahl intervjuer Trude Marstein og Rocky-omsettar Dag F. Gravem skriv om sine tjue år i den svenske teikneseriehundens teneste. For ikkje å gløyme Hilde Rød-Larsen sin tekst om Elizabeth Strout, Tora Lane sin tekst den russiske revolusjonen og eit utdrag frå Tiril Broch Aakre si komande bok.Og det stoppar ikkje der: Rachel Cusk, Jenny Offill, Maggie Nelson og Sarah Manguso har svart på spørsmål om å skrive om å få barn, Joakim Kjørsvik har skrive ein ekfrase, Sandra Vaka Olsen bidreg med ein biletserie og Vilde Sagstad Imeland med ei jubileumshelsing til Den lille prinsen. Og meldingar, så klart - av dei siste bøkene til Rachel Kushner, Richard Brautigan, Helle Helle og Amalie Kasin Lerstang.http://www.vinduet.no/vinduet-3-2018-i-butikk/

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed