Hopp til hovedinnholdet

Samtale ventar - roman

  • Lydbok, nedlastbar

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

Drivande godt om å falle utanfor.

Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får ho ein ny sjanse i arbeidslivet: Ho skal samle dialektprøvar på industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i denne vesle byen, er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir snart kjend med mange. Men arbeidet er verken godt eller effektivt. Brenner greier ikkje skilje jobb og privatliv og får stadig større problem med relasjonane på staden. Folk stiller seg meir og meir tvilande til kven ho er, og kva ho driv med. Brenner fattar interesse for den sære, lokale forfattaren Sveinung Sel og oppsøkjer han først for eit intervju, seinare av grunnar ho ikkje sjølv heilt forstår.

Eikemo fører vidare prosjektet frå dei første to romanane sine, når ho tematiserer einsemd og lengsle etter - og ambivalens til - ein større fellesskap.
Kjøp lydbok
Digital lydbok Lydbøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed