Hopp til hovedinnholdet

Lars O. Bru og havet - roman

  • Innbundet

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Det er torsdag i mai, og Lars Olsen Bru har vore i Stavanger og kjøpt seg ny dress. Han står på dekket av rutebåten på veg heim, til øya Bru i Ryfylke, der han ein siste gong skal lese gjennom livserindringane han har skrive. For kven veit kor lenge ein får stå i livet?

Lars har levd eit rikt liv, både på havet og på landjorda. Han minnest barndom, ungdom og manndom, han minnest sjukdom og drukningsdød, sildesalting og slit, men òg fellesskap, kjærleik og kva det no er som kanskje kan føre til eit godt liv. Men Lars ber òg på nokre kors: forholdet til dottera Malena, som har brukt heile livet sitt på å ta seg av han, og forholdet til broren Børre, som han ein gong la for hat, utan at han ville det.

Lars O. Bru og havet er ein roman om livet sjølv, om liv og død, om tru og tvil, om misunning og tilgiving. Om ein manns fridom og lengslar, ansvar og plikt. Historia om Lars er på same tid ei framstilling av ein mann og den tida han lever i. Vi får ein havsalt smak av kystkulturen på det norske Vestlandet i perioden 1870-1949.
Klikk&Hent På lager i 60 butikker
Nettlager Sendes normalt innen 1-2 virkedager.
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed