Hopp til hovedinnholdet

Magne Vangsnes - utan tittel

Del 1-2015 av serien
  • Innbundet

  • 2015

  • Flerspråklig

  • Engelsk

  • Norsk, Nynorsk

  • Spansk

I samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum gir SKALD forlag i haust ut den sjette boka i kunstbokserien Myndir. Boka omhandlar Magne Vangsnes og gis ut i samband med at kunstnaren frå Vangsnes i Sogn og Fjordane fyller 70 år. Magne Vangsnes har arbeidd med grafikk gjennom 45 år. Kombinasjon av ulike eksperimentelle grafiske metodar har ført til utvikling av det han kallar skulpturell grafikk. Dei seinare åra har han i tillegg arbeidd med installasjonar i galleri og landskap. Han har også vore engasjert i arbeid med både lokale og sentrale kunstnarorganisasjonar og hatt undervisningsstillingar både i grunnskule, på lærarutdanninga og ved Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen. Magne Vangsnes - utan tittel er delt i tre: Oddrun Midtbø skriv ein biografisk del om kunstnarens liv og verksemd, Ingrid Norum tek for seg hans "land art"-prosjekt og i artikkelen Estetiske eksperiment presenterer redaktør for boka, Morten Johan Svendsen, arbeid på og med papir. Boka har norsk, engelsk og spansk tekst, og er rikt illustrert med kunstverk av Magne Vangsnes, men også med referansar til andre utanlandske kunstnarar. Utstilling av Magne Vangsnes sine verk opnar 7. november på Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed