Hopp til hovedinnholdet

Eg et meg sjølv som lyng

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Eg et meg sjølv som lyng er ei lyrisk og temperamentsfull samling om å lausrive seg frå rolla som ung jente, utan å vite kva ein elles kan vere. Olga Ravn skriv i debutboka om lengten etter å vere bortanfor det seksualiserte og om kroppen som skodeplass for privat og offentleg dragkamp. Verda trengjer seg på og kroppen går sine eigne vegar. Språket i denne boka er viltveksande, prega av eit stort overskot. Frå dansk ved Inger N. Bråtveit.

Olga Ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar, forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng, og i 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, hennar første roman, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose. Olga Ravn har også gjendikta Ann Jäderlund og Sylvia Plath (med Mette Moestrup) til dansk.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed