Systematisk offentleg innovasjonsarbeid
Kort om boken

Om Systematisk offentleg innovasjonsarbeid
Innovasjon i privat og offentleg verksmed blir av mange karakterisert som systematisk hardt arbeid over tid for å få til noko som er nytt, blir nyttiggjort og som blir vurdert som nyttig. Det nye kan vere endra organisering, prosess, produkt, tenester og nye kundar, marknader osv. Boka teke føre seg innovasjon i offentleg sektor og legg til grunn av vellykka offentleg innovasjon er å skape og å implementere nye prosessar, produkt, tenester og måtar å levere desse på som medfører vesentlege forbetringar i produktivitet, effektivitet og kvalitet. Boka drøftar korleis eit systematisk innovasjonsrabeid som kombinerer instrumentelle og kommunikative former for planlegging, evaluering og læring kan freme slik innovasjon. Gjennom mange ulike kasus frå offentleg sektor og frå offentleg og privat samarbeid, får vi innsikt i ulike endringsprosessar, og kva som hemmar og fremmar innovasjon.