Hopp til hovedinnholdet

Satans mor - kriminalroman

Av Rune Timberlid, del 7 av serien
  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2015

  • Norsk, Nynorsk

Midt under ein heftig miljødebatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av distriktets innbyggjarar også har motiv for å stå bak ugjerninga.

Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalisten Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar også opp eit lik under Nigardbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører forferdelege overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn.

Politmannen og journalisten nøstar i mysteriet frå kvar si side. Det viser seg at alle dei gamle og nye historiene er vovne saman - og det skal få fatale konsekvensar.

Med dei indre delane av Sognefjorden som geografisk utgangspunkt har Timberlid spunne eit imponerande puslespel av ei historie.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed