Hopp til hovedinnholdet

Mellom oss - roman

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2013

  • Norsk, Nynorsk

I 1972 dreg 25 år gamle Svein til Chile. Han kjem aldri heim att. Tretti år seinarekastar forsvinninga hans framleis skuggar over dei han fór ifrå: deialdrande foreldra Jakob og Dagny, kjærasten Ranveig og dottera Tonje, som han aldri har møtt. Kva har Jakob og Dagny sine opplevingar under krigen fått åseie for forholdet til sonen? Og korleis får avgjerder tatt i ei dekkleilegheit i Oslo i 1943 konsekvensar for Tonje seksti år seinare? Tonje har sine eigne løyndomar å bere på, og nettet av løgner ho har spunne rundt seg sjølv og andre, er i ferd med å rakne. Forteljinga tek lesarenfrå krigens dagar til vår eiga tid - frå Oslo til Natzweiler, Santiago, Pennsylvania og eitforfalle funkishotell i fjellheimen på Vestlandet. Mot eit bakteppe av historiske hendingar viser Mellom oss både korleis det vesle livet speglar den store verda, og korleis gamle løyndomar kan få følgjer mange år seinare. Mellom oss er ei historie om tre generasjonar, og om det vi ber på, men ikkjeklarar snakke om. Men når er det for seint å nærme seg kvarandre?
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed