Hopp til hovedinnholdet

Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus - seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg

  • Innbundet

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid. For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar, det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei mest sekulariserte samfunna i verda, men har trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho?
I denne boka snakkar Veiteberg om alt dette. Om eigen oppvekst, om å vere kvinne og prest, om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement, ho har jobba blant uteliggjarar og rusavhengige, og som biskop opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause.

Biskopen i Oslo fyller 60 år i 2021. Då er det også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Den norske kyrkja.

Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo. Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg som prest og biskop i både radio og TV, ho har jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og undervist i ulike teologiske emne.

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist, prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om natur, klima og menneske..
Klikk&Hent På lager i 48 butikker
Nettlager Sendes normalt innen 1-2 virkedager.
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed