Hopp til hovedinnholdet

Leiing av endringsarbeid i skulen

  • Pocket

  • 2012

  • Norsk, Nynorsk

Forfattaren skriv med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap om endringsprosessar i skulen. Ho drøftar sentrale aspekt ved endringsprosessen som leiing, samarbeid og rolla til skuleeigar i lys av teori og forskning.
Vidare viser ho korleis ein kan omsetje kunnskap om endringsarbeid til praktisk handling som kan endre eller vidareutvikle praksis. 
Dei fleste endringsarbeid gir få eller ingen resultat fordi ein ikkje arbeider nok med implementeringsprosessen når forskingsbaserte tiltak vert sette i gang. Når til dømes eit program mot mobbing ikkje gir noko godt resultat ved ein skule, er programmet sjeldan problemet. Manglande resultat har årsak i at programmet ikkje er implementert godt nok til å gi resultat. Uansett kva type endringsarbeid ein skal i gang med, krev det god implementering.
Boka er viktig for alle som ynskjer forskingsbasert kunnskap om endringsprosessar og korleis slik kunnskap kan omsetjast til praksis. Såleis er boka relevant både for tilsette i skulen, studentar på master eller vidareutdanning og forskarar.

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed