Hopp til hovedinnholdet

Opptur indre Sunnfjord - 166 fotturar i Naustdal, Førde, Jølster og Gaular

Av Stig Roger Eide, del av serien
  • Fleksibind

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

OPPTUR INDRE SUNNFJORD skildrar dei beste turopplevingane i fjord- og fjellandskapet midt i Sogn og Fjordane, det som frå 2020 er nye Sunnfjord kommune. Same kvar du er i indre Sunnfjord, så har du fabelaktige turområde rett utanfor døra. Boka innheld 166 fotturar, frå Førdefjorden og Dalsfjorden i vest til Jostedalsbreen og Gaularfjellet i aust, frå majestetiske Storehesten og Blægja, til byfjella i Førde og nærturar i alle bygdene.
OPPTUR INDRE SUNNFJORD har både lette og meir krevjande turar, med fyldig omtale, oppgitt vanskegrad, lengde og tidsbruk. Alle turane er teikna inn på kart og flyfoto. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.
OPPTUR INDRE SUNNFJORD er den niande boka i OPPTUR-serien, og kjem ut i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag.

I tillegg til fakta om turane får du også artige historier og kuriosa. 128 av 166 turar er heilt nye. 38 av dei er med i OPPTUR SOGN OG FJORDANE, men har fått nye og oppdaterte tekstar og bilete.

Tilgjengelig i 15 butikker

På nettlager (sendes innen 2-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed