Hopp til hovedinnholdet

Mellom sjøhattar og engelskmenn - barndomsminne frå krigen

  • Innbundet

  • 2008

  • Norsk, Nynorsk

Ein dag blir Toralf sendt på skogen med eit brev festa innafor underskjorta. Brevet er hemmeleg og skal til vener av onkel Pål. På vei inn i skogen må han passere fleire tyske soldatar. Toralf stansar ikkje. Han hadde lova mor å halde seg på god avstand frå tyskarane. Onkelen og motstandsmannen Pål Eiken, blir på grunnlag av sitt illegale arbeid arrestert av Gestapo i våren 1944. Han vart ført til Gestapo sitt hovudkvarter, Arkivet, i Kristiansand. På Arkivet blir Pål Eiken torturert til døde fordi han ikkje vil fortelje nazistane om andre motstandsmenn. Med andre verdskrig som bakteppe fortel Toralf Tveiten om korleis det var å vakse opp i heimbygda Eiken. I boka opplever vi kvardagen under krigen sett gjennom augo til ein liten gut, som utan å vite det, tek del i ein av landsdelen sine mest dramatiske krigshendingar. Utan å teikne eit einsidig fiendebilete fortel han korleis han som barn oppfatta krigen. Det var ikkje bare triste hendingar. Men også mykje spanande som skjedde. Barn er også tidsvitne- viktige tidsvitne. I Toralf Tveiten sin barndomsforteljing frå krigsåra møter vi ei kjend krigshistorie, men nå fortald med ei "barnestemme". Noko som gir forteljinga nytt liv og nye perspektiv. Aslak Brekke, direktør Stiftelsen Arkivet

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed