Hopp til hovedinnholdet

Arbeidet mitt - roman

  • Innbundet

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

Oppgjer med morsrolla. Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den skamma som oppstår når ein ikkje kan kjenna seg att i samfunnet sitt tronge normalitetsomgrep? «Arbeidet mitt» er ei bok om den radikale erfaringa det er å verta mor, om skitentøy, skriving og shopping og om å læra å elska det engstelege og opne i livet med barn. For romanen fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris i 2020. Boka er sett om til norsk av Inger Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen «Dei tilsette», som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. Sagt om «Mit arbejde» (2020): Terningkast fem. «Tittelen er først tvitydig; arbeid og identitet er ikkje einstydande. Arbeid er noko ein kan gå til og frå utan å legge sjela si i det. Noko som er uhøyrt for myten knytt til det å vere mor. [...] Sakte [...] verkar det som Anna og eget aksepterer at ein kan vere ei mor som ikkje sjølv må døy for å gi liv til barnet. At ein ikkje er eitt med barnet.» - Marie Louise Wedel Bruun, Berlingske

Tilgjengelig i 16 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed