Robotsand - dikt

Kort om boken
Om Robotsand
Ein poetisk kviskreleik Dokka, både som leike og bilde, som representasjon for menneskeleg liv, er det fascinerande og tankevekkande utgangspunktet for Åsa Maria Krafts diktsamling Robotsand. Her høyrer vi stemmene frå padledokker - gravgåver i det gamle Egypt - og dokkene på øya Isla de las Munecas som er hengde opp i tre til minne om tapte barn. Vi møter også heimesnikra hundar plasserte i rundkøyringar og Hypsiphrone frå dei gnostiske skriftene. Robotsand er engasjerande, open og leikande, og dikta blir som eit kjedebrev eller ein kviskreleik gjennom tida, der lesaren sjølv tar del i lyttearbeidet. Den svenske poeten Åsa Maria Kraft (f. 1965) debuterte i 1997 med 4 påhitt. Bøkene hennar beveger seg i grenselandet mellom poesi og prosa, og ho har mottatt fleire prisar for forfattarskapen sin. Med Robotsand frå 2018 blir Kraft for første gong utgitt på norsk.
Åsa Maria Kraft rystar lesaren ut av sin tilvande eksistens (...) handlar om å visa korleis språket er når me les noko me ikkje har føresetnader for å forstå, men som likevel har enorm relevans for vår eksistens ... Det er verkeleg høgt til himmelen i denne boka. Her er opne rom å sleppa seg laus i (...) Interaksjonslyrikk, eller rystande tekst, er ikkje for alle. Men for den som har tolmod, konsentrasjon og vilje til å oppsøka kunnskap, er her mykje å setta i spel og finna interesse i