Hopp til hovedinnholdet

Grammatikk og rettskriving - nye rammer for språknormering

  • Pocket

  • 2016

  • Norsk, Nynorsk

Denne boka skildrar korleis generativ grammatikk kan tilby både ei prinsipiell forståing og konkrete retningsliner med omsyn til språknormering.
Tradisjonelt har ikkje syntaktisk teori hatt ein sentral plass i normeringa ettersom syntaks ikkje er emne for normering på same måte som til dømes ortografi og bøying. Diskusjonen i boka viser likevel at generativ grammatikk har fruktbare konsekvensar i ein normeringssamanheng. Det overordna argumentet er at fastsette språknormer bør utformast med basis i internaliserte grammatiske språknormer. Dette er sjølve forskings.objektet i generativ grammatikk, og innsikt i denne intuitive grammatikkompetansen viser korleis språket opptrer naturleg, noko det er høgst relevant å utleie prinsipielle retningsliner for normeringa frå. Språklege fenomen som leksikalsk kreativitet, fleksibilitet og språkblanding demon.strerer vidare at språkkompetansen er organisert med fleksible leksikalske element og eit fast og robust grammatisk rammeverk for bøyinga. Følgjeleg bør språknormeringa skje med ulike strategiar for ordstammar og bøying: med lause tyglar for ordstammane, men eit stramt grep om bøyinga.

Brita Ramsevik Riksem (f. 1987) er stipendiat ved Institutt for språk og litteratur, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 2-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed