Sidereventyret

Kort om boken
Om Sidereventyret
For 20 år sidan fanst ikkje sider i polhyllene, og det ville aldri falle ein vinkelner på ein respektabel restaurant inn å servere gjestane norsk sider. I dag er situasjonen ein heilt annan. Produsentane har mangedobla seg, og veksten ser ikkje ut til å stogge. Det veks fram norske siderregionar i både Hardanger, Sogn og Telemark - kvar med sin særeigne stil. Den norske sideren vinn gullmedaljar i internasjonale kåringar og blir servert på Michelin-restaurantar. Kva var det som skjedde? Å lage vin av eple og anna frukt er ein del av ein fleire hundre år gamal tradisjon i Noreg, men av ulike grunnar er denne historia i liten grad blitt løfta fram i lyset. Kanskje har det noko med at det var kvinnene som først og fremst stod for fruktvinen - medan øl og brennevin var mennenes ansvar, og vart sett på som meir viktig? Medan det i dag er utfyllande historiske framstillingar av norsk øl- og brennevinhistorie, er det ikkje liknande bøker om denne delen av norsk drikkehistorie. Boka fortel historia om den kommersielle fruktvins- og siderproduksjonen i Noreg, og vi kjem tett på frukbøndene som tenkte annleis og satsa på eit produkt dei hadde tru på - både pionerane og dei som nettopp har starta opp. Lesarane får òg eit innblikk i dei forskjellige sidertypane, korleis siderproduksjon fungerer og tips til korleis ein serverer sider til mat. Dette er òg forteljinga om eit landbruk som er på veg attende til det tradisjonelle manglesysleriet, og om korleis det er å vere gründer og ung bonde i Noreg i dag. Og det er ikkje minst ein vegvisar til eit tradisjonsprodukt som vi nesten hadde gløymt at vi hadde.