Hopp til hovedinnholdet

I kreft og kjærleik - ettertankar

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2014

  • Norsk, Nynorsk

Gripande og innsiktsfullt om alvorleg sjukdom

To menneske har nyleg funne kvarandre, i godt vaksen alder. Jostein Nerbøvik og Ellen Kristvik står i startgropa til eit liv i lag då den inngripande meldinga slår inn i liva deira: Kreften hans har spreidd seg frå den mørke føflekken som for lengst er fjerna. Dette er ei bok om dei tre åra som følgde, ei tid prega av alvorleg sjukdom. Det er ei forteljing om det å få kreft og bli innskriven i det norske helsevesenet, å bli forelska og ta konsekvensane av det, og om alt som skjer på ein gong.

Forteljinga om ei utfordrande sjukdomstid er fletta saman med forfattarens ettertankar, korleis det som skjedde fortonar seg ti år etterpå, knytt opp til forsking og annan faglitteratur, og det andre har skrive om erfaringar som pasient eller pårørande. Kristvik vil at helsevesenet skal ta dei pårørande meir med når nokon er alvorleg sjuk.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed