Anna og Solmannlivslang forelsking

Forfatter
Spar {0}
Spar {0} som ARK-VENN
{0} til nettpris
med Klikk&Hent
Format/språk
   Klikk og hent - få varen innen 1 time*
   90 dagers åpent kjøp.
* Gjelder varer på lager i butikk

Kort om boken

Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn. For seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte: Då…

Oppdag mer

Velg tagger...

    Om Anna og Solmann

    Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn. For seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte: Då Anna blei liggjande på sjukehus i Førde eit halvt år, flytta Solmann på hybel rett bak sjukehuset. Då Anna kom tilbake til heimbygda og måtte bu på institusjon, tok Solmann henne med seg ut kvar dag på ein spesialkonstruert doning (ein slags tohjulstraktor) for at han og Anna skulle få ha det godt i lag. Då Anna blei flytta til kommunesenteret, reiste Solmann kvar dag med buss og rutebåt for å nå henne. Dei dagane rutegåande ikkje gjekk, køyrde han scooter 1,5 time kvar veg. Då scooterturen blei for farleg, kjøpte han seg båt og drog til Eivindvik, vèl ein time kvar veg, i all slags vêr. I ord og bilde har Osland og Apneseth dokumentert Anna og Solmanns strev for å få vere saman, og den store gleda dei har av kvarandre og styrken dei får frå kvarandre, trass i den vanskelege livssituasjonen. Fokus ligg på det vedunderlege dei får til i lag og kva som er viktig for dei og oss alle. Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevansker og spesielt tiltenkt dei som har hatt slag og har nedsett lese- og talefunksjon.


    Ein får litt gåsehud når ein les boka. Osland og Apenseth har skapt et originalt portrett som viser frem poesien i strevet, arbeidet, intimiteten og gleden som et samliv kan være. En ekte fortelling fra virkeligheten som berører. Ei vakker historie vert stødig fortalt. Av og til må ein smile av gamlingen sitt overmot. Av og til flør det i augene når du les om den maskuline omsorga. Ei eventyrleg vakker forteljing om livslang kjærleik [.] formidla vakkert og usentimentalt av Erna Osland. Ho legg ikkje skjul på det som er vanskeleg. Kan hende er det nett derfor boka gjer så djupt inntrykk.

    Kundevurderinger

    Totalvurdering: 

    Gi din vurdering: 
    Totalvurdering: 

    Detaljer

    Format
    Innbundet
    Utgivelsesår
    2013
    Forlag
    Skald
    Språk
    Nynorsk
    ISBN
    9788279591825
    Sider
    82
    Høyde
    248
    Bredde
    212
    Vekt
    540
    Illustrert av
    Apneseth, Oddleiv

    Nettleseren din er utdatert

    Mye funksjonalitet på ark.no støttes ikke lenger i Internet Explorer. Vennligst bruk en nyere nettleser.