Ingenstadpå tur til verdas minst besøkte land

Forfatter
Spar {0}
Spar {0} som ARK-VENN
{0} til nettpris
med Klikk&Hent
Format/språk
   Klikk og hent - få varen innen 2 timer*
   Alltid bytterett - Norges beste. Bytt uten kvittering.
* Gjelder varer på lager i butikk

Kort om boken

Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle verdas land to gongar. På sine turar har han opplevd stader, situasjonar og menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Dette vert det gode reisetips av. I arbeidet med boka "Ingenstad. P…

Oppdag mer

Velg tagger...

    Om Ingenstad

    Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle verdas land to gongar. På sine turar har han opplevd stader, situasjonar og menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Dette vert det gode reisetips av. I arbeidet med boka "Ingenstad. På tur til verdas minst besøkte land" har han reist attende til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Når Garfors er på reise, er det nyfikenheita som driv han. Hans unike og opne vesen kan minne om måten barn møter verda på. I "Ingenstad" har han vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Lesaren vert teke med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I "Ingenstad" møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen - landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året. I ei tid der fleire vel vekk turisttunge reisemål og heller søkjer genuine inntrykk i møtet med menneske frå kulturar som skil seg frå vår eigen, vil Garfors inspirere, men også gi deg høve til å oppleve område du neppe vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsopfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner og snakka med dei som bur der. "Ingenstad" tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.


    Dette er førsteklasses reiselitteratur som forhåpentligvis får deg til å se på verden gjennom et nytt filter. Her er mykje fascinerande stoff. Dette må vera ein mann med meir enn normal mengde med mot. Ingenstad er både morsom, informativ og tankevekkende. Mest av alt er det en forfriskende kontrast til verdenspressens tilsynelatende evige jakt på tragedier. Denne boka kan vere med og gje lesaren ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar og gjere noko med korleis ein ser på verda. Liv Astrid Skåre Langnes, framtida.no I Ingenstad gir Gunnar Garfors en stemme til mennesker i land vi knapt forbinder med annet enn krig og elendighet, og viser at det alltid finnes lys i mørket.

    Kundevurderinger

    Totalvurdering: 

    Gi din vurdering: 
    Totalvurdering: 

    Detaljer

    Format
    Innbundet
    Utgivelsesår
    2019
    Forlag
    Skald
    Språk
    Nynorsk
    ISBN
    9788279592907
    Sider
    415
    Height
    235
    Width
    178
    Weight
    970
    Fotografier av
    Garfors, Gunnar

    Anbefalt

    Nettleseren din er utdatert

    Mye funksjonalitet på ark.no støttes ikke lenger i Internet Explorer. Vennligst bruk en nyere nettleser.