Ei forfriskande livsreis

Ei forfriskande livsreis
Pris
Pris
299,- 299,-
Innbundet
Format Innbundet
Utgivelsesår 2016
Forlag Genesis
Språk Nynorsk
ISBN 9788247605189
Sider 216
Sted Hordaland

Om Ei forfriskande livsreis

I sin sjølvbiografi, Ei forfriskande livsreis, deler Hans Olav Tungesvik viktige hendingar undervegs frå sitt spanande liv som psykiater, politikar og samfunnsengasjert medmenneske. Det er ei bok med underfundig humor og klår livsvisdom, og begge delar kan du som lesar ha glede og nytte av! Han har vore ein profilert mann i media og har hatt mange jarn i elden både i sitt yrkesliv og på privaten. Han har blitt kroppsvisitert av KGB, og trong bistand frå utanriksminister Thorvald Stoltenberg for å få igjen personlege eigendelar; og han har vore psykiater på utlån. Sjølv klatra han aldri heilt til topps i politikken, men han klatrar framleis kvart år til topps på Hodnet i Skånevik og er heller ikkje redd for å bestiga Galdhøpiggen. Han var ein klårsynt debattant på Stortinget og var ikkje redd for å føra tydeleg tale. Pågangsmot og engasjement har han fått tildelt i stort mål. Gled deg til å ta del i Hans Olav Tungesvik si forfriskande livsreis i denne boka.


Kundevurderinger

ARKs anbefalinger

Det finnes ingen vurderinger av dette produktet. Skriv anmeldelse

Anbefalt


Tips en venn