I dag såg eg to spadar

Kort om boken
Om I dag såg eg to spadar
Skjønnlitterær kunstbok; dikt og fotografi av skulpturar i tre og jarn. Hans Sande er psykiater, bildekunstnar og forfattar med over femti boktitlar bak seg. No har han lagt alle talenta sine saman og skapt ei kunstbok utanom det vanlege. Det er blitt ei forunderleg verd av skulpturar og dikt, jarn og tre, draum og slit. Inspirert av Olav H. Hauge sine tingdikt om ljåen og saga, har Sande gitt nytt liv til gamle og rustne slitarar av alle slag. Ole Fretheim har fotografert denne samlinga av underlege skapningar. Til kvar skulptur er det eit dikt eller ein prosatekst som fortel om det livet reiskapane har levd, eller om den draumen dei ber på. .. Då eg vakna var verda omsnudd Spadar og grev sprang omkring som spretne gudar og eg låg med mold i munnen
"I dag såg eg to spadar inspirerer og gir nye tydingar til kjende ord og omgrep. Verket gir næring til å sjå og ha fleire innfallsvinklar til det og dei med har rundt oss. "