Hopp til hovedinnholdet

Frå Nora til Karl Ove - og 84 andre personar i norsk litteratur

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2017

  • Norsk, Nynorsk

Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro har nylese mengder av norsk skjønnlitteratur og valt å portrettere og skildre korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i fleire v dei beste norske bøkene hgjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar».

Her får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Oskeladden, Wergelands Stella og Petter Dass i eigen person. Du kan lese om opprørske Inger-Johanna i Familien på Gilje, Tusten hos Tarjei Vesaas og den gåtefulle «Lillelord» hos Johan Borgen. Ikkje minst får du vite meir om personar frå vår tids litteratur, som incestofferet Bergljot hos Vigdis Hjorth, kemner Bjørn Hansen hos Solstad og den heilt gjennomsnittlege Harry Lund i Gryttens Bikubesong.

Frå Nora til Karl Ove er ei engasjerande og underhaldande bok, som opnar opp den norske litterære gullrekka for gamle og nye lesarar.

Jan H. Landro (f. 1948) er tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Han har skrive ei rekkje bøker, mest om litteratur. Landro er i dag frilansjournalist og ein populær «bokbadar» og føredragshaldar.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed