Hopp til hovedinnholdet

Pilt-Ola - dokumentarisk roman

  • Innbundet

  • 2008

  • Norsk, Nynorsk

Det er 150 år sidan Pilt-Ola døydde, men ennå lever namnet og minnet om den største kjendisen frå Lysefjorden gjennom tidene. I denne boka har Jon Moe fått Ole Olsen Sangesand til å 'pilta' igjen, i Norden, i Russland og gjennom Sibir med sikte på Beeringstredet. Då dei første utvandrarane segla mot vest i 1825 valde Pilt-Ola å gå austover mot Amerika - til fots. Guten frå Lysefjorden ville prøva alt. Han blei driftekar, kremmar, rik handelsmann, sildetilverkar, oppfinnar, fabrikkeigar og kyrkje-eigar, før han gjekk konkurs. Så kom den endå meir fengslande delen av livet hans: Tamreinforsøk i vestheiane, krig mot ulveplaga, kontakt med kongen og mykje meir. Pilt-Ola var ein eventyrleg entrepenør og ein djupt tenkjande vandringsmann. Når minnet om Pilt-Ola nå blir tatt fram igjen, er det ikkje berre fordi han fortener det, men fordi me treng det. Han er eit makelaust førebilde for alle som vågar å sleppa den frie tanken si kraft laus på nåtida sine problem. Forfattaren har gitt ut ei rad bøker og har vunne fleire prisar, mellom anna Vinjeprisen, og er heidra med H. M. Kongens fortenestemedalje i gull.
Klikk&Hent Ikke tilgjengelig
Nettlager Bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker.
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed