Hopp til hovedinnholdet

Med stjerneskrift

  • Pocket

  • 2008

  • Norsk, Nynorsk

For første gong er den kubanske frigjeringshelten og nasjonalskalden José Martí (1853-1895) tilgjengeleg i norsk gjendiktning. Saman med andre historiske latinamerikanarar som Simón Bolívar, San Martín, Hidalgo og Ernesto "Che" Guevara, står José Martí fram som ein av dei mest ruvande personlegdomane i Latin-Amerika si historie. I dag blir Martí rekna som sjølve arketypen på den latinamerikanske intellektuelle gjennom alle tider, og han fortener derfor å bli lesen av langt fleire enn dei som er i stand til å lesa han på originalspråket spansk. Denne samlinga inneheld gjendiktningar frå Ismaelillo, Versos libres, Versos sencillos og Flores del destierro, i tillegg til nokre dikt frå barnebladet La Edad de Oro og spreidde dikt som er blitt samla og utgjevne seinare. Lesaren vil raskt oppdaga at Martís bodskap og univers har den same krafta i dag som for godt over hundre år sidan då dikta blei skrivne.I etterordet syner dessutan H.J. Ohldieck lesaren fleire ulike inngangar til José Martí si rikhaldige gruve.
Klikk&Hent På lager i 11 butikker
Nettlager Sendes innen 1-2 virkedager
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed