Hopp til hovedinnholdet

Reinen på Hardangervidda - natur og kultur

  • Innbundet

  • 2012

  • Norsk, Nynorsk

Hardangervidda er mykje omskriven, og aller mest av folk som ikkje høyrer heime i bygdene kringom. Det gjer raulendingane Johan Vaa og Kjell Bitustøyl, og ein slik bakgrunn gjev nye perspektiv og innfallsvinklar. I denne nye boka tek dei for seg reinen på Hardangervidda, både den ville og den tame. I dag er Hardangervidda kjend som det største og viktigaste villreinområdet i landet, men ein skal ikkje langt attende i tid før tamreinen spela ei vesentleg rolle i mange av bygdene rundt Vidda. Fyrst var landet og isen, så kom reinen, deretter menneska. Hopehavet reinen har med mennesket har vore mangslunge gjennom tusen- og hundreåra, frå den eldste fangstkulturen i steinalderen til reinen i politikken i dag. Kulturminna i reinsfjella er mange, mange er òg diskusjonane om kva som er det beste for både rein og menneske; forvaltings-historia får brei plass i denne boka. Ein avslutta epoke er tamreindrifta, denne historia er mindre kjend, særleg gjeld det dei samiske gjætarane som har prega denne næringa, nærast frå start til slutt. Hardangervidda er framleis eit viktig matfat for bygdene rundt Hardangervidda. Og i våre dagar handlar villreinproblematikk om alt frå radiomerking og forskingsresultat til dei viktigaste avtrykka moderniteten har: vasskraftutbygging, vegar og kraftliner, hyttebygging og turisme. Bruk og vern er viktige stikkord. Sjølvsagt kjem forfattarane med både historiske fakta og eigne ytringar. Boka er i format godt og vel A-4, har 328 sider og er rikt illustrert. Eit eige kapittel tek for seg reinen i biletkunsten. I tillegg finst òg eit omfattande personregister. Utgjevar er Hardangarvidda Villreinutval, og boka blir sleppt på Skinnarbu 24. november.

1.0

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

På nettlager (bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed