Ein lykkeleg slutt

Forfatter
Spar {0}
Spar {0} som ARK-VENN
{0} til nettpris
med Klikk&Hent
Format/språk (4 forskjellige)
   Klikk og hent - få varen innen 1 time*
   90 dagers åpent kjøp.
* Gjelder varer på lager i butikk

Kort om boken

Skjebnen, døden og kjærleiken. Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure…

Oppdag mer

Velg tagger...

    Om Ein lykkeleg slutt

    Skjebnen, døden og kjærleiken. Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta. Det heile startar på 1800-talet då den danske sjømannen Christian 1 tumlar i land på stillehavsøya Tikopia. Her giftar han seg med Konkylie, og dei får to barn. Men på øya der det er plass til berre 989 menneske, er dottera fødd utan løyve og må døy. Ti år gamal ofrar Christian 2 seg for veslesyster si. Han legg ut på ei reise tilbake til røtene, til København - ein skiten, innestengd og pestramma by. Christian, som er van med døden frå heimøya, viser seg som ein stødig hjelpar i saker som har med døden å gjere. Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke. Omsett av Ingvild Holvik. Maren Uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar som fekk strålande kritikk i Noreg for romanen Der det finst fuglar (2020). Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar. Ein lykkeleg slutt er den tredje romanen hennar, og for den fekk ho Læsernes Bogpris i 2020.


    Et frodig fortellertalent slår til igjen. [En] smakløs og utemmet roman som nesten er dødsbra. Å skrive om døden med både innsikt og litterær kløkt slik Uthaug gjer, er ikkje for gud og kvarmann. [...] Ein lykkeleg slutt er ein sjarmerande utemd roman. [R] esultatet er spennande, ekkelt og tankevekkjande. Ja, og lærerikt. Meir kan ein ikkje krevje. Med kompromisslaus vilje til å konfrontera tabu og energisk stil vil ho garantert vinna eit stort publikum også i Noreg Forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten [...] For lesarar med sterk mage er det berre å setja hjørnetennene i denne rå romanen Blixen på nattklubb: «Ein lykkeleg slutt» er internasjonal forteljekunst av beste merke [...] Maren Uthaug har skrive ein fabelaktig slektsroman med døden som knagg . Du har garantert ikkje lese noko liknande. Maren Uthaugs dykk ned i dette dødsriket er grundig, grotesk og vel verdt å få med seg. 'Ein lykkeleg slutt' [er] et solid skrevet stykke underholdningsroman ei original og makabert morosam slektskrønike [...] skriven med godt driv og tett mellom spaningstoppane [...] eit slags barokt eventyr for vaksne [...] ei særs underhaldande bok.

    Kundevurderinger

    Totalvurdering: 

    Gi din vurdering: 
    Totalvurdering: 

    Detaljer

    Format
    Innbundet
    Utgivelsesår
    2021
    Forlag
    Samlaget
    Språk
    Nynorsk
    ISBN
    9788234003806
    Sider
    375
    Originaltittel
    En lykkelig slutning
    Høyde
    212
    Bredde
    140
    Vekt
    515
    Oversatt av
    Holvik, Ingvild

    Anbefalt

    Nettleseren din er utdatert

    Mye funksjonalitet på ark.no støttes ikke lenger i Internet Explorer. Vennligst bruk en nyere nettleser.