Hopp til hovedinnholdet

Ysting

  • Pocket

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

Denne boka er ei lærebok i handverksysting. Ho tek for seg ysting heilt frå nybyrjarnivå, men inneheld mange detaljar og tips som er nyttige òg for erfarne ystarar.
Boka startar med grunnleggjande mjølkekjemi og mikrobiologi og prinsippa for modning og smaksutvikling i ost. Ho gjennomgår regelverk kring mjølkeforedling og korleis regelverket kan etterlevast i praksis. Deretter er framstillingsprosessen for dei viktigaste gruppene av mjølkeprodukt grundig handsama. For kvart trinn i ystinga forklarar forfattarane kva som skjer i praksis, og korleis små justeringar verkar inn. Så kan ein finne årsakene til at osten ikkje alltid blir som ein ønskjer. Boka gjev grunnlag for å utvikle eigne oppskrifter og framgangsmåtar og skape nye mjølkeprodukt med trygg, god og stabil kvalitet.
Ragnhild Nordbø er utdanna næringsmiddelkandidat frå Ås. Ho har arbeidd som ostefagleg rådgjevar ved Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan 2004. Ho har vore budeie i over 30 år og driv no gard med ysteri i Trøndelag.
Maria Ballhaus har arbeidd med mjølkeforedling sidan 2005. Ho har erfaring som budeie både i Noreg og i Sveits. Ho har vore lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule og rådgjevar på Ressurssenteret ved skulen. No driv ho eigen gard med ysteri i Tyskland.
Boka er resultat av eit prosjekt på Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, der forfattarane er lærarar på kurs i mjølkeforedling. Anne Karin Hatling har vore prosjektleiar.

4.5

Klikk&Hent Kan bestilles til 146 butikker. Leveringstid ca. 1 uke.
Nettlager Sendes normalt innen en uke
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed