Hopp til hovedinnholdet

Is-slottet

  • E-bok, nedlastbar (Epub)

  • 2010

  • Norsk, Nynorsk

Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta.For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas - som første norske forfattar - Nordisk Råds litteraturpris i 1963. Boka vart filmatisert i 1987 av regissør Per Blom og er omsett til ei rekkje språk. I 2005 samarbeidde Teatret Vårt og Det Norske Teatret om ei dramatisering av romanen.
Kjøp e-bok

Digital e-bok

E-bøker legges i din ARK-app. De kan også lastes ned fra Din side.

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed