Hopp til hovedinnholdet

Årboka for Sogn og Fjordane 2012

  • Innbundet

  • 2013

  • Norsk, Nynorsk

Årboka for Sogn og Fjordane 2012 er ei jubileumsutgåve. Dette er den 20. utgåva i serien som presenterer stort og smått, som har gått føre seg i Sogn og Fjordane. Utgangspunktet for boka er ein stad oppunder 50 000 avissider, som vi har saumfare på jakt etter dei store nyhenda, varme småsaker og det gode fotografiet. Vansken er ikkje i å finne, men å avgrense. Dei mange, og gode, lokalavisene i fylket supplert med regionavisene Bergens Tidende og Sunnmørsposten, borgar for at stort og smått vert dekka på ein god og grundig måte. Årboka skummar berre fløyten. Årboka 2012 tek mellom anna pulsen på næringsliv, samferdsle, kultur, sport og vêr og uvêr. Boka går også inn i dramatiske hendingar som fekk store konsekvensar for einskildmenneske. Men vi er også med der hendingar skapar positivitet og glede med tanke på åra som kjem. Boka har også ein omfattande statistikkdel, der du kan fordjupe deg i mange harde fakta og talmateriale om oss som lever og bur i Sogn og Fjordane. Dei som tek seg tid til å setje seg inn i denne delen vil kunne finne utviklingstrekk innanfor mange område. Vi kan nemne: folketal, politikk, drikkevanar, tippevanar, reisevanar og kva bilar vi kjøper. Og ikkje minst vêret. Alle snakkar om det, men her kan du få kunnskap om korleis veret verkeleg var i fylket i 2012. Også i år inneheld boka eit register over namna på nærare 1 000 personar som er omtalte i denne utgåva. Jubileumsboka ser attende på den første boka i serien. Vi har klipt ut saker frå 1993 som kanskje vil pirke litt bort i den gode nostalgikjensla.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

På nettlager (bestillingsvare. Sendes normalt innen 2 uker)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer

Lignende bøker

Utvalgte bøker

Recently viewed