Hopp til hovedinnholdet

Unge titanar - tre noveller

Del av serien
  • Fleksibind

  • 2025

  • Norsk, Nynorsk

I tre noveller på starten av det førre hundreåret, skildra ein anonym forfattar livet som drøymande kunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fått klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans står i lågmælt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom, og vi møter ein uventa Weltschmerz i ein kultur som har vore mest kjent for sine ikoniske målarnamn.

Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prøver å finne fotfeste i det borgarlege vaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong låg opne for dei. Forteljingane er rå og direkte, men òg høgstemde og lyriske – dei får oss til å tru på denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnar tekstane eit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og økonomi, idealisme og borgarskap, børs og katedral.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

279,-

Tilgjengelig i 9 butikker

På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

Ved å fullføre kjøpet aksepterer jeg kjøpsvilkårene
  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer