Sjakknovelle - og andre tekstar
Innbundet
2019
Norsk, Nynorsk
På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda. Handlinga går ofte føre seg på reiser, på hotell, på skip, i tog, og forfattaren rører seg tilsynelatande uanstrengt rundt blant ulike personar, skjebnar og stader. Den mest kjende av dei skjønnlitterære tekstane hans er "Sjakknovelle", der han makta å kombinere forteljarevna si med den såre krigserfaringa. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt saman med kona, Lotte, i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942. Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Av desse har berre Sjakknovelle tidlegare kome ut på norsk.
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
5.0
Tilgjengelig i 13 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent